GLOPPEN KOMMUNE

 

 

"Vi har tru på at felles bevisstgjering og fokus gir ein viktig førebyggande effekt og gjer oss betre istand til å prioritere. Kommunen, både innbyggarar, administrasjon og politikarar har fokus på å gjere det tryggare og meir framkomeleg for gåande og syklande, og å trygge barn og unge på veg til barnehage og skule."

Landskapsbilde av Gloppen
Gloppen kommune

Gloppen kommune, med sine vel 5 800 innbyggarar, er ein av fleire jamnstore kommunar i regionen Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen har eit variert og spanande næringsliv, som leverar teknologi i verdsklasse og set nasjonal og internasjonal standard innan e-helse. Fleire av verksemdene er leiande innan utvikling av kompositt og ny teknologi innan det grøne skifte. Gloppen er storprodusent og forvaltar av rein fornybar energi, og er fylket sin største landbrukskommune, med mange produsentar av kortreist mat og drikke.  

Areal: 1031 km²

Gloppen kommune har over tid hatt fokus på førebygging og tidleg innsats, og vart i juni 2016 godkjent som eit trygt lokalsamfunn.

Satsingsområde

  1. Trygg i trafikk
  2. Rus- og kriminalitetsførebygging
  3. Psykisk helse
  4. Trygge eldre
  5. Landbruksulykker

Hausten 2017 vart Gloppen ein Av-og-til-kommune, og har no starta prosessen fram mot å bli godkjent som ein trafikksikker kommune.

I k ommuneplanen for 2018 – 2030 – samfunnsdelen er det å vere «i forkant» valt som ein overordna strategi for utvikling av Gloppesamfunnet fram mot 2030. Et av målene i strategien er å jobbe systematisk med skade- og ulykkesførebygging på tvers av offentleg, privat og frivillig sektor og halde fram med å vere godkjent som eit «Trygt lokalsamfunn».

Her er nokre fleire mål frå strategien:

  • Gripe fatt i utfordringar tidleg, før dei veks seg store – førebyggje framfor å reparere.
  • Jobbe breitt for å redusere sosial ulikskap i helse, særleg med tanke på barn og unges oppvekstvilkår. 
  • Ha fokus på beredskaps­messige omsyn og samfunn­stryggleik i all planlegging.
  • Arbeide for samanhengande gang – og sykkeltrasear mellom bustadområde, barnehage, skule og arbeidsplassar gjennom oppfølging av kommunen sin Trafikktryggingsplan og ved å utarbeide ein sykkelstrategi.

Kontaktperson

Navn: Beate Kornberg, samfunnsplanleggar
epost: beate.kornberg@gloppen.kommune.no